søndag 30. september 2012

Male søndag :)

I dag mala ej nokre stola og eit lite bord ej he i stova :) Maling e egentlig ikkje heilt mi greie, det fer no utover alt. Mesteparten av malinga enda oppetter hendene og oppi håret, men ej kom  i mål med sjølve malinga tilslutt. Under vaskinga av mej sjølv fann ej ut at å gni hendene i olivenolje virka knall for å få vekk all malinga på mej sjølv :) Sånn tips til dokke andre som grisa når dokke mala.



No e ej ferdig å male for i dag, og han Robert e reiste på biltur med gutta. No skal ej kose mej med litt fjernsyn i go`sofaen min :) Kanskje ete opp laurdagsgodteriet som ikkje gjekk ned i går? God deal.

Ingen kommentarer: