søndag 16. desember 2012

Juletradisjon



Idag he vi vore på juletrehogst innpå Åsen i Austefjorden :)


Med nesten heilt bare markar og 7 grader, gjekk det heile veldig fort i år. Slapp vadinga i snøen!


Vi fann tre fine juletre nedpå "tørkeplassen" som vi saga ned. Eit til oss, eit til mamma og pappa, og eit til systa og co på Saltre. Vi bar/slepte dei oppatt til huset. Puh!


Med bere ein bil og 3 juletre vart det fullpakka på taket gitt.
No står juletreet i ei bøtte i garasja. 1 veke til lisjejuleafta :)

Ingen kommentarer: