onsdag 28. desember 2011

Dagmar

1. juledag va vi på restemiddag  med Mamma og Pappa. Plutselig blåste det so kraftig ute at vi fann det best i å komme oss oppover igjen.


Det gjorde vi smart i! Vinden vart bere kraftigare og kraftigare utover kvelden...


Dagmar va skikkelig hissige, og til slutt forsvann straumen også! Utemøblane på verandaen begynte å flyge rundt, og i værste vindkasta måtte vi ut å sikre dei. Sida vi ikkje kunne opne garasja, hadde vi kun gaveband i beredskap. Vi binda dei fast, og tok stola, bord og blomsterpotter inn i stua.


Inne va det på med haudelykta, tende opp stearinlys og ligge livredde å høyre på stormen (også kalla orkanen). 


Mest "spennande" va det å vokne mandag. Heldigvis va det kun pipehatten på pipa vår som hadde fått sej en smell. Ute låg det strødd med bossdunka, postkassestativet hadde fåre, grantre hadde dåtte, drivhus hadde flytta plass og parabolantenne hadde blitt røska av veggane.


Oppsida av huset måtte spylast etter alt ho Dagmar hadde kasta i veggane. Vi va heldige, so egentlig ekje det nåke å snakke om i forhold til andre :) 
Les meir om orkanen i Ørsta/Volda HER!

2 kommentarer:

Unknown sa...

Det e rart å sjå korleis naturen "rydda opp" av og til. Godt at dokke også ikkje fekk so store materielle skader! Slike ting kan fiksast!

Kristine sa...

Ja utrulige krefter i sving!! Va sikker på huset skulle lette ei stund, men jammen var det meste i skjønnaste orden. Det gjekk bra med dokke også? :)